Nyheter fra NKL
16.11.12
Skriv ut

Norsk sjømat freistar franskmenn

Det tradisjonsrike franske kjøkkenet lèt seg påverke. Tv-serien «Asiette Norvégienne» inspirerer franskmenn til å kjøpe og bruke norsk sjømat. No startar ein ny sesong.

I oktober blei nye episodar av den franske serien spelte inn på Sommarøya i Troms saman med den norske kokken Daniel Rouge Madsen. No går episodane på fransk tv kvar dag dei neste fire vekene.

Les også: Sild og laks på eksporttoppen

Dei korte programma, som Norges sjømatråd har produsert for kanalen M6, blir godt mottekne av franske forbrukarar.

 

Ni av ti som har sett dei, meiner programma gir nye idear, og at oppskriftene er raske og enkle. Nesten like mange, 87 prosent, seier at tv-programma gir dei lyst til å kjøpe norsk sjømat. Dette kjem fram i ei undersøking som TNS har gjort for Norges sjømatråd.

— Tala viser at vi når gjennom med bodskapane om at det er enkelt og raskt å lage middag med norsk sjømat. Når vi i tillegg veit at meir enn 3,3 millionar kvinner i målgruppa har sett programma, trur eg trygt vi kan kalle dei ein suksess. Derfor går vi også i gang med ein ny runde på fransk fjernsyn, seier Johan Kvalheim, Sjømatrådets utsending til Frankrike, på nettsida seafood.no

Les også: Sjømat gir store ringvirkninger

På kvardagane går programma like før den tradisjonelle lunsjtida til franskmennene, og i helgane på kveldstid. Med så gode sendetider trur Kvalheim dei populære tv-programma er ein del av forklaringa på rekordveksten til den norske laksen i Frankrike. Frå januar til oktober har fersk laks vakse med 36 prosent.

— Norsk sjømat er blitt svært synleg i Frankrike dei siste månadene. Tv-programma «Asiette Norvégienne» har vore med på dette. I tillegg har vi ein av dei mest populære franske matsidene på på Facebook, og vi har servert norsk sjømat frå mobile kjøkken i Paris, for å nemne noko.

 

Kilde: www.nationen.no