Nyheter fra NKL
12.11.12
Skriv ut

Nedlegging av matfag: Kvesser knivane

- Det er ei katastrofe dersom matfaget vert lagt ned på Jæren, seier Vidar Skjerahaug, kjøkkensjef ved Jæren hotell.

 

Kvesser knivane

NEI TIL NEDLEGGING: Kjøkkensjef Vidar Skjerahaug (t.v.), direktør Gudveig Elin Undheim og kokk Berit Bjørheim ved Jæren hotell åtvarer mot neglegging av matfag på nye Bryne vidaregåande skule. FOTO: Steinar Sandvik

 

- Det er ei katastrofe dersom matfaget vert lagt ned på Jæren, seier Vidar Skjerahaug, kjøkkensjef ved Jæren hotell.

 

MATFAG:- Time vidaregåande skole har opparbeida seg eit godt rykte når det gjeld utdanning innan matfag, seier Gudveig Elin Undheim, direktør ved Jæren hotell og utdanna kokk.

- Kvifor skal vi leggje ned noko som fungerer så godt. Vi treng ei lokal opplæring i matfag for å ta vare på dei lokale verdiane. Gjennom Det jærske kjøkken har dette ein enorm verdi for oss.

Ny topp

- Alle som driv innan matvarebransjen på Jæren er bekymra om matfag forsvinn frå den nye vidaregåande skulen på Bryne, seier Vidar Skjerahaug, kjøkkensjef ved Jæren hotell. - Vi har gleda oss til matfag ved den nye skulen.

- Akkurat no er søknaden til matfag nede i ein bølgjedal, men det kjem alltid nye toppar. Ein ny vidaregåande skule på Bryne vil skape større interesse for matfaget og søkjartalet frå distriktet vil heilt sikkert gå opp, og det vert ein ny topp. Det såg vi då den nye skulen på Jåttå vart teken i bruk, seier Skjerahaug.

Treng fagfolk

- Kva konsekvesar får nedlegging av matfag på Bryne?

- Der handlar om rekruttering av lokal ungdom til faget. Legg vi ned på Bryne, vil søkjartalet frå Sør-Rogaland gå ned. Ungdom frå langt sør i Rogaland vil ikkje søkje seg til skular i Stavanger. Å sentralisere all utdanning i matfag til Stavanger er heilt feil, seier Skjerahaug.

Han legg til at Jæren er midt i matfatet.

- Difor er det viktig å rekruttere frå regionen her. Jæren må ikkje berre stå fram som ein matvareprodusent. Vi har ei rekkje bedrifter som treng folk med utdanning innan matfag, seier Skjerahaug som også er leiar i prøvenemnda for kokkefag i Sør-Rogaland.

Vil fjerne matfag ved Bryne vgs

- Skader næringa

I dag har ikkje Jæren hotell problem med å skaffe utdanna folk til ledige jobbar. Men det er større problem å skaffe lærlingar.

- Utdanninga ved Time vidaregåande skole er kjend for sin kvalitet, og bedrifter frå Stavanger jaktar ungdommar frå Jæren når dei skal ha lærlingar. Dersom utdanninga vert sentralisert til Stavanger, kan det bli eit stort problem for rekrutteringsarbeidet på Jæren, seier Skjerahaug.

Gudveig Elin Undheim peikar på at fleire og fleire restaurantar og matstadar på Jæren legg vekt på lokal mat og lokale tradisjonar.

- Vert matfagutdanninga kutta på Jæren, vil det skade heile næringa. Då vert det vanskeleg å rekruttere folk til jobbar hos oss, påpeikar Undheim som understrekar kor viktig det er for bransjen å halde på dei lokale.

- Det er eit sterkt fagmiljø knytta til matfagutdanninga på Jæren. Lærarane er dyktige, og er opptekne med kva dei lærer frå seg. Det ser vi tydeleg på elevar som kjem til oss, skryt Undheim.

Roser Time

Berit Bjørheim frå Nærbø er nyutdanna kokk frå Time vidaregåande skole og tilsett ved Jæren hotell.

- Eg valde matfag etter at eg som 15-åring arbeidde saman med Vidar Skjerahaug ved Nærland Gjestegard, fortel Berit Bjørheim til Jærbladet.

- For meg var det aldri snakk om andre skular enn Time vidaregåande. Det var viktig at skulen var nær der eg bur, men eg hadde Godalen på andreplass for å vere heilt sikker på at eg kom inn der eg ville.

- Hadde det blitt skule i Stavanger, måtte eg truleg bu på hybel og ta opp studielån for å finansiere utdanninga. Med skule på Bryne var det ikkje nødvendig å ta opp ei krone i lån.

Berit Bjørheim kan ikkje rose lærarane ved Time vgs. nok.

- Dei hadde fagleg tyngde, og noko av det eg sette ekstra stor pris på at dei tok oss med rundt på lokale bedrifter for å sjå korleis maten vert til. Dessutan fekk vi vere med på mange opplegg rundt omkring. Vi var med på det som skjedde på Bryne.

- Hadde du valt Godalen dersom du ikkje kom inn på Bryne?

- Det kan eg ikkje svare på, seier Berit Bjørheim. - Eg kom inn på Time, og det er eg utruleg glad for.

 

 

Kilde: www.jbl.no